Historiskebilder om livet på Verpelstad Gard

Les den spanande historia om Verpelstad Gard

Det har vore busetnad på Verpelstad sidan Mellomalderen, sannsynlegvis frå 1300-talet. På denne tida låg garden under Apostelkyrkja i Bergen. Etter svartedauden vart garden nedlagd, men frå begynnelsen av 1600-talet var det busetnad att, og sidan den tid har det budd folk her samanhangande fram til i dag, med unnatak av nokre få år på 1980-talet.  

I Koppskattmanntalet av 1645 står det at ”på Verpelstad bur festemannen Olav og hans festmø Kari”.

I 1723 fekk brukaren på Verpelstad skøyte, og sidan har brukarane vore sjølveigarar. Den første sjølveigaren heitte Lars Halsteinson Tone.

Kjeldene syner at her har vore eitt bruk frå 1600-talet og fram til 1851, då garden vart delt i to like store bruk. Husa til det opprinnelege bruket låg der bruk nr. 1 har husa sine  i dag.

I 1847 skreiv Nils Bertelson Eide frå Eidsland kontrakt med dåverande eigar om å få pakta garden Verpelstad i 3 år (Kontrakta som heng på veggen). Her var då berre eitt bruk, men her som desse husa står var det då ein husmannsplass der det budde eit eldre ektepar: Anders Johannesson og Ingeborg Einarsdotter. I kontrakta står det at Nils Bertelson også skulle få pakta husmannsplassen, som då heitte Treet. Det eldre ekteparet skulle likevel få bu her så lenge dei levde,
eller til dei flytte herifrå. Då dei 3 åra var gått, slo Nils Bertelson seg ned på husmannsplassen,
og budde her i eitt år. Deretter, i 1851, vart Verpelstad delt i 2 like bruk, og Nils Bertelson vart eigar av det eine bruket: Bruk nr 2. Dette er det bruket som Odd eig i dag. Nils Bertelson Eide vart difor første eigaren av dette bruket som vi er på no. 

Stovehuset vart bygd i 1886 og løa fyrst i 1890-åra.

Den forpaktningskontrakta som Nils Bertilson fekk i 1847, var difor opptakten til dette bruket. Etterkomarane hans levde og dreiv bruket i 4 generasjonar: Nils var oldefar til Helge Verpelstad, som eg skal koma tilbake til.

Den gamle sjøvegen fører ned til Furnestreet på Furnes eigedom, der Verpelstad har naustrett. Kyrkja var på Stamnes, så dei rodde frå Furnestreet kvar søndag når dei skulle til kyrkje. Begge bruka på Verpelstad har framleis naust og båt i Furnestreet.

Før det vart bygd taubane til Verpelstad måtte det meste som skulle til gards berast på ryggen. Då var hesten eit godt hjelpemiddel: Ein kunne kløvja dei tyngste tinga, eller køyra med hest og slede nokre stykke om vinteren. Det var då viktig å passa på når det var nok snø og godt føre. Det måtte måkast braut lange stykke, og først når ein hadde køyrt nokre gonger og brauta fraus til, var det mogeleg å køyra tunge lass, t.d. med materialar, mjøl og liknande. Anders Aldal køyrde materialar med hest og slede i fleire vintrar like etter andre verdskrigen. Han hadde då samanhangande sledebraut frå Furnestreet. Brauta kryssa elva eit stykke nedom Stadlane, og så tilbake til innmarka. Denne vegen er sidan kalla køyrevegen. Den gamle gangvegen går i mange krokar ned den bratte lia frå husa til Odd.
Før 1920 var det ingen av dei 2 bruka som eigde hest. Men det var då vanleg å halda hest om vinteren, såkalla forhest, som dei fekk låna av vossingar som ikkje brukte hesten sin i skogen.

I 1951 vart det bygd taubane til garden. Det var eit stort framsteg.
Den fyrste taubana vart driven av ein bensinmotor, då her ikkje var elektrisk straum. Med den kunne ein frakta tyngre ting, og Helge Verpelstad kjøpte seg 2-hjulstraktor i 1957, som vart frakta opp med taubana. No kunne ein og lettare frakta ned varer som vart produsert på garden, slik som ved, bork, never, smør og kjøt.

I 1958 kom det telefon til Verpelstad, og straum i 1961. Verpelstad var då siste garden som fekk straum i Bolstadfjorden.  

På 1900-talet levde begge bruka av tradisjonelt jordbruk: Grasproduksjon med kyr, hest, sau, geiter, gris og høns. Det vart produsert og selt smør i tillegg til kjøt, ull m.m. Begge bruka hadde markaslåtter, og det vart slege i desse slåttene fram til i 1958.
Begge bruka har skog i utmarka, og skogen var ei god attåtnæring. Det er felles grunn i utmarka, men skogen er delt i teigar.

Naboane mine budde her til i 1971, då Marta og Anders Aldal kjøpte seg gard på Horvei. Kåre, som då overtok bruket, og dei 3 syskena hans,
er såleis fødd og oppvaksne på Verpelstad. Slekta til Kåre hadde då budd her sidan 1873. 

Helge Verpelstad, som eigde dette bruket, var fødd i 1908. Han vart foreldrelaus då han var 20 år, og som eldste sonen måtte han då overta gardsrifta. Han fekk hjelp av systera si, Brita dei fyrste åra. Nokre år seinare fekk han ei tenestetaus, Kari Øye frå Øye i Bergsdalen.
Ho budde her resten av livet sitt, og døydde på Verpelstad i 1958. Helge dreiv deretter garden åleine, med noko hjelp av slektningar om sommaren. Helge budde her fram til 1981. Han selde då til Gro Haadem og Lasse Nagel. Dei budde her til i 1986, og dreiv med sauer og ponniar. Etter nokre år utan busetnad, kjøpte  så Odd bruket i 1991.

I 1993 vart det bygd veg til Verpelstad. Vegen vart bygd av Odd og Kåre i felleskap, og vi fekk bra stønad både frå stat og kommune.
I tillegg til bilvegen vart det bygd ca 2 km traktorveg i skogen samstundes. Det vart no mogeleg å ta ut tømmer på ein heilt annan måte enn tidlegare.

Sauer
Stølshus
Sag
Produksjon av korv m.m.
Selskapslokale

Ei jordbruksteljing i 1863 fortel om avling på bruket den gongen:

Her var 3 mål god åker, ½ mål middels og 1 ¼  mål ring åker. 8 mål god eng, 9 mål middels og 12 1/5 mål ring eng. Sånaden var 1 ½  tønne havre og 3 tønner poteter. Avling: 9 tønner havre, 16 tønner poteter. 777 vondlar høy, 63 vondlar halm. I slåttene: 300 vondlar høy. Lyng, skav og beit for ei kyr.  9 kyr, 3 ungfe og 31 sauer. Bruket var godt dyrka. Vidare står det at der er heimehamn ved garden som er god, men lita. Stølshamna er stor nok. Der er ved nok til brensel og husved, og tømmer til husbruk. Der kan seljast famneved for 7 speciedalar netto årleg. Om gardsvegen heiter det at han er ¼ mil, bratt og vanskeleg ned til sjøen, og derifrå
6 ¾ mil til Bergen.

I 1963 hadde bruket 37 ½ mål innmark. 2 kyr, 3 ungfe, 23 sauer og 1 hest.

Kjelder:
- ”Forpaktningskontrakt for gaarden Verpilstad” av 1847
-  Vaksdal Bygdebok, band 3, Stamnes sokn

Kåre Olav Aldal